lørdag, oktober 09, 2010

O lykke!

Eg har i år haustferie med lengde på slik ca ein dag. Sjølvsagt hadde det vore bra å hatt ei vekes ferie, men får ein ikkje ei veke må ein berre benytte seg av den eine dagen! :)

Feriedagen min har eg vore heime på Rauland - ein roleg dag; strikking, tur opp til mamma og pappa på Myklestaul, og eg avsluttar det heile med ein roleg kveld i sofaen heime.

Her kjem nokre glimt frå haustferiedagen min, vel og merke tatt med mobilen min - dermed litt varierande kvalitet...! :)

Mamma og pappa har jobba oppe på Myklestaul (hytta) i dag, eg har vore oppom ein tur og sitti i solveggen og strikka stort sett :)


Fine haustfargar heime på Rauland!


Glimt frå turen opp til Myklestaul








Dei flittige maurene har tatt vinterferie, det var ikkje ein einaste bevegelse i martua - i alle fall på utsida...



'Vakthunden' er på plass på Myklestaul :)

fredag, oktober 08, 2010

Ny haust, ny tilværelse

Inspirert av Merethe, kjem (for ein gongs skuld!!) eit aldri så lite innlegg på denne bloggen. Kanskje vil det også komme fleire innlegg her framover...? :)

Nok ein haust står for tur.
Eg har eit veldig ambivalent forhold til haust merkar eg - på den eine sida elskar eg klar og frisk haustluft, dei nydelege fargene og det å kunne sitte i stoga, tenne ljos, fyre i vedomnen og høyre knitringa frå brennande ved. Men på samme tid: eg hatar regn og det å bli våt når ein er ute...!

Uansett... Det skjedde i august mange forandringar i kvardagen min:
- Eg har flytta til Heddal! Eg bur no i ein leilighet eit par kilometer frå stavkyrkja, dvs ca åtte-ti kilometer frå Notodden. Eg trives godt i leiligheten! Og no begynner eg til og med så smått å føle at eg køyrer heimover når eg køyrer utover til Heddal :)
- Eg har begynt på master i diakoni ved MF/Diakonova (Oslo) - det er veldig spennande! Dette semesteret tek eg to emner på totalt 20 studiepoeng, pluss eit emne som (faktisk) er obligatorisk utan at ein får studiepoeng for det - så eg er vel slik ca 75% student
- Eg har begynt å jobbe som diakon i Hjartdal, Sauland, Tuddal og Heddal! Det er også spennande! Og litt skremmande... :) Eg begynner å komme litt inn i jobben no etter eit par månader, og det kjennest veldig bra.

Ja, det er noko av det nye i livet mitt!
Om nokon leser denne bloggen, veit eg ikkje. Men legg gjerne igjen ein kommentar dersom du gjer det :)

Til slutt eit lite haustbilete av Gaustatoppen, tatt (med mobilen min...) etter haustens første(?) snofall 21.september. Biletet tok eg mens eg var på leir for 'godt voksne' i forbindelse med jobb.



13661

fredag, mai 28, 2010

Kort (?) referat av dei siste månadane, i bilete

Eit referat som på ingen som helst måte er i kronologisk rekkefølge!

Kubb i kirkeparken med Silje, Morten og Nina

I vår Fars hus er det mange rom! Og fortsatt ein heil del ledige :)

Grilling med the Foghs og Nina

Grillmeister'n

Gi blod, det er bruk for det!!
Sjekk også mitt tidlegare innlegg: Blod- og beinmargsgjevar


Menighetshuset er pynta til fest! Ein gjeng herlege 1. til 3. klassejenter på overnatting :)

Fullt hus - hurra!

Kubb med flotte lederkurslingar!

Plug#in i kyrkja

Glimt frå min sjukepleiepraksis denne våren: konfirmantar på pilegrimsvandring til Vinje kyrkje


Bergensvisitt: Johannes kosar seg på fanget til bestemor


Johannes på fanget til onkel, før onkel skal på motorsykkeltur

1 stk pus, kosar seg meir i senga mi enn eg syns det er kosleg å ha ho der... :)

Solnedgang frå Rofshus, Rauland

Fleire konfirmantar på pilegrimsvandring, denne gong til Grungedal kyrkje

Me leikar ikkje pilegrimar - vel framme i kyrkja er byrdene/steinane lagt ned og ljos tent

Nok eit glimt frå praksis - kvitveisen seier hei

Den eine dagen min i praksis vart brukt til å slå ned desse fine gule pinnane, god trim og hyggeleg dag :)

Nokre søte små på andre sida av jordet heime :)


Veldig fersk, og veldig i spagaten...!

Totak er skrekkeleg lågt no i vår...! Og isen er svart og klar for å reise - biletet er tatt 15.mai

Skogsarbeidar full av kvae

17.mai-pynta veslegull!! Er han ikkje FIN?!


Litt meir kubb - denne gongen pressa inn på den vesle plenen i bakgården til Hanne og Christen i Oslo :)

Han her er vennen min!


Heihei! Eg berre sit henslengt her og les i boka mi eg :)


Silje og Siris dropsfabrikk-resultat, nam!!


Eit skrytebilete til...

Ettermiddagsdate i Skien med Magnhild og Solvor - kosleg!

Ski(kkeleg) klabbing!! Påsketider :)

Påska - vel og merke mens det enno var fint vèr!


Utsikt over Totak, på ei av påskas skiturar :)


Ja, det var altså eit (ikkje så kort) referat frå dei siste månadene i mitt liv! Kort fortalt har det vore litt småtravelt, men veldig spennande :) Eg har, i tillegg til å jobbe i kyrkja her på Notodden, vore i praksis heime i Vest-Telemark. Ein litt annerledes praksis enn det eg har hatt til no i utdanninga, men kjempespennande og lærerikt!! No gjenstår eit par veker med både jobbing og litt praksis, SÅ er eg i mål - FERDIG UTDANNA sjukepleiar!! :O
Sprøtt!

onsdag, april 14, 2010

Hurra for Skype! :)

Med Skype kan eg snakke med Johannes i Bergen:

Med Skype kan eg le med Johannes i Bergen:

Med Skype kan eg tulle med Johannes i Bergen:

Og ikkje minst: Med Skype kan eg leike borte-titthei! med Johannes i Bergen: